- Samtidig som ein skal vera rask til å få det rette motiv, er det og viktig å sitja lenge å venta på rette øyeblikk. Motivet kan koma til deg.-
Allsidig fotograf frå Tjoflot i Hardanger som arbeider under mottoet, fotografera er å sjå.
Motiva finn ho på sine mange reiser i ut- og innland. Reisene har også tatt ho til fjerne strøk som Antarktis og Arktis. Latin-Amerika har og vore spennande, der ho har reist i dei fleste land og budd fleire år i Nicaragua. Heime i Norge har turar i fjellet og reiser ut mot havet gitt mange blinkskudd.
Allsidigheit har vore sentralt i fotograferinga. Motiva er fanga under tanken på at det skal gi noko og vera godt for auga. Det kan like gjerne vera dyr/fuglar som isfjell eller landskap. Epler og fine fargar om hausten. Årstidene og det som gir seg i ver og vind.
Gamle hus/naust og ulike deltaljar. Ein god opplevelse for fotografen og den som ser på bildet og får lyst til å kjøpa.
I 2020 har mange av bildene blitt vist på utstilling i Granvin. Utstilling stod frå juni til november og inneheldt 67 bilder. Utstillinga blei ein stor suksess. Det kunne seljast inntil 10 kopiar av kvart bilde og fleire av bildene blei utseldt. Mange av bildene er lagt ut no samtidig med at ein del nye bilder er komne til.
Det vil fortløpande bli lagt ut nye bilder framover.
- Ingeborg